Saman for det frivillige kulturlivet i Bjørnafjorden
Bjørnafjorden kulturråd sitt formål er å styrkje den frivillige kulturen vår. Saman skaper vi ein felles arena der organisasjonar kan samarbeide, dele erfaringar, låne lokale og utstyr, jobbe mot felles mål— og løfte kulturlivet. Bli medlem for å gjere det betre å vere frivillig i Bjørnafjorden!

Kva gjer kulturrådet?
Bjørnafjorden kulturråd er ein partipolitisk nøytral og livsynsnøytralt organisasjon som arbeider for betre rammevilkår for det frivillige kulturlivet. Våre oppgåver er mange, men her har vi samla dei viktigaste.
Vi byggjer eit fellesskap av frivillige kulturorganisasjonar
Kulturrådet er ein felles arena for kulturlivet i Bjørnafjorden. Her kan organisasjonar samarbeide, dele erfaringar, og jobbe saman mot felles mål.
Vi er ei felles stemme i møte med det offentlige
Saman står vi sterkare, og kulturrådet vil jobbe med kommunen og andre instansar for å gjere det lettare å vere frivillig i Bjørnafjorden.
Vi opplyser om rettighetar og svarer på vanlege spørsmål
Som frivillig har du rett på meir enn mange veit. Vi vil opplyse om dette, samt lage ein ressursbank med nyttig informasjon på nettsida
Kven står bak kulturrådet?
Bjørnafjorden kulturråd består av eit styre på seks personar, som aktivt jobbar for å gjennomføre oppgåvene skissert over. Bli betre kjend med styret vårt her.

Styreleiar Siri-Linn brenn for frivillig kultur. Ho kjem frå korpsmiljø, spelar enno, leiar Os skulekorps og jobbar for eit inkluderande kulturliv.

Jostein er eigar av Irish Cat AS (Catten Nightclub) og styremedlem i Os kulturutvikling. Han er aktivt med på ulike kulturarrangement, og har brei erfaring frå næringslivet.

Jonny Haugland starta som frivillig som 16-åring i Søre Neset UL, og er i dag leiar for Folkeakademiet. Han vonar kulturrådet blir den viktige samarbeidspartnaren for kulurlaga.

June er styremedlem i kulturrådet og leiar i Lysefjorden Ungdomslag. Ho har eit ønske om eit større samarbeid mellom lag og organisasjoner innan kultur i kommunen.

Magnus starta Unikultur då han følte på mangelen av eit fellesskap for ungdom som driv med kultur. No vil han gjere det enklare for organisasjonar å samarbeide.

Karl Ole har lang fartstid innan kulturlivet, både lokalt og nasjonalt. No vert det ekstra fokus på det rike frivillige kulturlivet i Bjørnafjorden.
Kvifor burde ditt lag bli medlem av kulturrådet?
Å bli medlem av Bjørnafjorden kulturråd opnar mange dører for frivillige. Her er noko av det vi kan oppnå, med deg på laget.
Nettverksmoglegheiter
Finn organisasjonar å samarbeide med i eit nettverk av frivillige organisasjonar
Verdifulle ressursar
Finn nyttig informasjon for frivillige i ein ressursbank på nettsida
Ei felles stemme
Kjemp for din organisasjon sine behov med ei samla røyst i fellesskapet
Kulturkalender
Legg ut og finn arrangement i ein felles kulturkalender på nettsida
Lær rettighetar
Lær korleis du som frivillig kan låne utstyr, lokale og meir
Utvikle kulturlivet
Du får direkte vere med å utvikle det frivillige kulturfeltet i kommunen vår

“For å sikre at det frivillige kulturlivet i Bjørnafjorden får en tydelig stemme og en reell plass ved bordet, trengs et kulturråd som kan samle, styrke og løfte hele bredden av lokale kulturaktører. Et slikt råd bidrar til mer samarbeid, bedre beslutninger og et rikere kulturtilbud for alle innbyggere.”
Bli ein del av Bjørnafjorden kulturråd
For å nytte deg av fordelane kulturrådet vårt gir, bli medlem i dag! Alle frivillige kulturorganisasjonar med aktivitet i Bjørnafjorden, kan bli medlem. Kvart lag kan stille med éin representant på møter. Om du har spørsmål, ta kontakt under.

